6255 3030 post@norskvann.no

Revidert gjødselregelverk på høyring – strengare krav til spreiemengde og -tidspunkt

22. mar, 2024 | Avløp, Pågående høringer, Slam

Regjeringa har lagt fram forslag til nytt regelverk for gjødselvarer. Det vert foreslått to nye forskrifter som skal erstatte dagens forskrift; ei gjødselvareforskrift, som regulerer kvaliteten til gjødselvaren, og ei gjødselbrukforskrift. 

Norsk Vann inviterer til informasjonmøte på Teams onsdag 15. mai kl 0900 – 1030.

Etter at arbeidet med revisjon av gjødselvareforskrifta starta i 2010, har det lenge vore stor spenning knytta til kva nye reguleringar myndighetene ville foreslå. 

Som venta vil det nye regelverket ta utgangspunkt i prinsippet om at all spreiing av gjødsel – både organisk og uorganisk – skal tilpassast gjødslingsbehovet, slik at mengde tilført næringsstoff ikkje skal vera større enn det som vert fjerna gjennom ei normal avling.

For avløpsslam vert det foreslått ei maksimal mengde for tilførsel av fosfor på 25 kg P/daa over 10 år. Det vil ikkje vere tillatt å spreie avløpsslam på jordbruksareal med eit P-AL nivå på 14 eller høgare. I tillegg ert det foreslått reglar for kor mykje plantetilgjengeleg fosfor som kan spreiast pr år. 

I nedbørfelt med vassdrag som ikkje oppfyller mål i vassforskrifta eller står i fare for å få forverra tilstand, kan myndigheten stille strengare krav.   

Den mest dramatiske endringa er at tidspunkt for spreiing av organiske gjødselvarer vert foreslått avgrensa til 1. mars til 1. september. Det vert heller ikkje mogleg å lagre gjødsla lokalt over vinteren, på arealet der den skal spreiast, slik praksis har vore til nå. 

Norsk Vann tok i 2018 opp dette med departementsgruppa, og viste til at det vil auke behovet for lagerkapasitet for avløpsslam med 300-500%. 

Gjødselvareforskfrifta inneheld kvalitetskrav for mellom anna avløpsslam. Det vert foreslått å innføre grenseverdi for tre organiske miljøgifter: DEHP, PFOS/PFOA og PCB. Grenseverdiane for desse miljøgiftene er dei same som vart foreslått og drøfta med bransjen i 2020. Grenseverdiar og klasseinndeling for tungmetall er uendra frå dagens regelverk, medan det er tatt inn grenseverdi for Arsen.

Norsk Vann vil ha innspel

Høyringsfrist for forslaget er 20. juni 2024.

Norsk Vann oppmodar alle medlemmer til å sende innspel til høyringa. Norsk Vann vil også sende eit felles svar, og ber om innspel til dette, som kan sendast til Arne Haarr seinast 31. mai 2024. 

Norsk Vann inviterer også medlemmer til eit høyringsmøte på Teams 15. mai kl 0900 til 1030
Ta kontakt med Arne Haarr for å melde interesse:

Arne Haarr
Kontaktperson:

Arne Haarr
avløpsekspert
Tlf.: 951 87 894

gamle nyheter

Nyhetsarkivet

Nyhetskategorier

Relaterte nyhetssaker

Interkommunalt samarbeid på avløpsområdet

Interkommunalt samarbeid på avløpsområdet

Menon Economics, Norconsult og Berngaard har på oppdrag fra Miljødirektoratet kartlagt interkommunale sam­arbeid på avløpsområdet, blant kommuner som ligger i nedbørsfeltet til Oslofjorden.  Bakgrunnen for oppdraget er den dårlige miljøtilstanden i Oslofjorden, der...

les mer
25 nasjonale mål for vann og helse

25 nasjonale mål for vann og helse

16. februar lanserte regjeringen de nye nasjonale målene for vann og helse med gjennomføringsplan. Det er Helse- og omsorgsdepartementet og Klima- og miljødepartementet som står bak målene.  Verdens helseorganisasjons «Protocol on Water and Health» er en internasjonal...

les mer