6255 3030 post@norskvann.no

Statsbudsjettet: 20 millioner til Oslofjorden

6. okt, 2022 | Interessesaker, Rammebetingelser

Regjeringen la i dag frem sitt forslag til statsbudsjett for 2023. Statsbudsjettet inneholder ikke mange nyheter for vannbransjen.

Thomas Breen

– Det er bevilget 20 mill. kr til å bedre tilstanden i Oslofjorden og Skagerak, og 6,5 mill. kr til arbeidet med å redusere utslipp fra kommunale anlegg til Oslofjorden, sier direktør i Norsk Vann Thomas Breen. Videre ligger det inne en videreføring på 5 mill. kr til vannbransjens innovasjonsprogram i perioden, selv om Norsk Vann også ønsker at programmet utvides til også å gjelde avløp.

For øvrig er det mange verbale påpekninger som angår vannbransjen hvor det i statsbudsjettet vises til kommende stortingsmeldinger eller lovendringer.

– Norsk Vann mener det nå haster med å komme i mål med mange av de pågående prosessene. Opprydning i lovverket for leveransene for vann og avløp, gjødselsvareforskriften og avklaringer om ansvar og finansiering for overvann er viktige eksempler på dette, utdyper Breen.

Statsbudsjettarbeid

Norsk Vann sendte sine innspill til statsbudsjettet til regjeringen 3. mars i år. Disse kan du lese her. Vi kommer til å delta i Stortingets høringer om budsjettet denne høsten for å følge opp våre saker.

Alt om statsbudsjettet kan du finne her. 

Under følger et utdrag av sentrale punkter for vannbransjen i forslaget til statsbudsjett for 2023:

Klima- og miljødepartementet

Regjeringa foreslår fleire tiltak som bygger opp under en berekraftig forvaltning av naturressursane. Arbeidet med å bedre tilstanden i Oslofjorden og arbeidet med å bygge opp igjen økosystemene i området Skagerrak-Oslofjorden foreslås styrket. Miljøtilstanden i Miljøtilstanden i Oslofjorden er dårleg. Økosystemet i Skagerrak er under stort press.

Regjeringa foreslår å løyve 20 mill. kroner for å styrkje arbeid med å betre tilstanden i Oslofjorden og arbeidet med å byggje opp igjen økosystem i området Skagerrak–Oslofjorden.

For å styrkje og samordne samfunnstryggleiken innan vassområdet som følgje av endra risikobilete, forventa klimaendringar og stort vedlikehaldsetterslep har regjeringa oppretta eit interdepartementalt samarbeidsforum for vatn og avløp med deltaking frå Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Olje- og energidepartementet.

Det er utarbeidd ein moglegheitsstudie for å undersøkje potensialet for innovasjon og effektivisering i vass- og avløpssektoren, irekna korleis kommunen kan fornye og renovere leidningsnettet raskare og meir kostnadseffektivt. Korleis studien eventuelt skal følgjast opp, inngår i arbeidet i det interdepartementale samarbeidsforumet.

Regjeringa arbeider også med oppfølging av forslaget frå overvassutvalet til verkemiddel i NOU 2015: 16 Overvann i byer og tettsteder – som problem og ressurs. Forslag til endringar i vass- og avløpsanleggslova og forureiningslova var på høyring i 2020 og er til behandling i Klima- og miljødepartementet

Oppfølging av oppmodingsvedtak
Oslofjorden

Status for arbeidet med ein heilskapleg tiltaksplan for ein rein og rik Oslofjord

Vedtak nr. 668, 14. juni 2022 

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med forslag til statsbudsjett for 2023 oppgi status for arbeidet med Helthetlig tiltaksplan for en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv, og foreslå hvordan arbeidet med å bedre vannkvaliteten i Oslofjorden spesielt og langs hele kysten kan forseres.» 

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:209 S (2021–2022) Representantforslag om en helhetlig plan for å beskytte norsk natur mot nitrogenforurensning, jf. Innst. 351 S (2021–2022).

Helthetlig tiltaksplan for en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv vart lansert i mars 2021 avden førre regjeringa og presenterer dei viktigaste prioriteringane for Oslofjorden i første omgang fram mot 2026. Regjeringa vil raskt følgje opp tiltaksplanen. Regjeringa har i tillegg retta særleg merksemd mot dei største utfordringane, utslepp frå avløp og avrenning frå jordbruk, som vil bidra til å forsere arbeidet med å betre vasskvaliteten i Oslofjorden.

Tiltaksplanen presenterer 63 tiltak og 19 punkt for kunnskapsinnhenting. Kvart tiltak har ei hovudansvarleg styresmakt, som skal stå for gjennomføringa av tiltaket og rapportere på status til Oslofjordrådet. Oslofjordrådet består av klima- og miljøministeren, andre ministrar det gjeld, og relevante ordførarar og fylkesordførarar. Rådet skal sikre god lokal- og regionalpolitisk forankring, samordning og framdrift i arbeidet. Rådet vart oppretta i august 2021. Rådet har hatt to ekstraordinære møte i 2022 og eit ordinært møte 5. september.

På rådsmøtet den 5. september 2022 lanserte Miljødirektoratet ein rapport om status og gjennomføring av tiltak, basert på rapporteringa frå dei tiltaksansvarlege. Rapporten syner at arbeidet er godt i gang, og at fleire av innsatsområda har fått eit løft i det første året av planperioden. Likevel er det langt fram til alle nødvendige tiltak er gjennomførte, og det er eit stort gap mellom tilstanden i dag og dei ambisiøse måla sette av Stortinget.

Alle sektorar må auke innsatsen. Rapporten syner òg at den nødvendige suppleringa og forsterkinga av innsatsen for Oslofjorden må styrkjast ytterlegare i åra framover.

Dersom tiltak ikkje blir gjennomførte som planlagt, vil Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet vurdere korleis dette bør følgjast opp for å sikre gjennomføring av dei aktuelle tiltaka. Vassforskrifta gjennomfører EU sitt vassdirektiv i Noreg. Det er utarbeidd regionale vassforvaltningsplanar med tilhøyrande tiltaksprogram for kvar av vassregionane i Noreg. Dette skal sikre ei heilskapleg forvaltning av vatnet vårt.

Vassforvaltningsplanane er eit viktig verktøy i arbeidet med å sikre betring av vasskvaliteten i Oslofjorden og langs heile kysten. Planane set miljømål for alle vassførekomstane i Noreg. Dei oppdaterte regionale vassforvaltningsplanane for planperioden 2022–2027 er no i ferd med å godkjennast av regjeringa, og gjennomføring av dei oppdaterte planane vil bidra til å styrkje innsatsen for å nå miljømåla etter vassforskrifta.

Regjeringa ser på vedtaket som følgt opp

 

Overvassproblematikk

Forslag til tiltak og verkemiddel for overvassproblematikk Vedtak nr. 914, 14. juni 2017.

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå anbefalingene fra overvannsutvalget (NOU 2015: 6), og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med forslag til tiltak og virkemidler for overvannsproblematikk, inkludert en vurdering av en egen sektorlov for vann- og avløp.»

Stortinget gjorde vedtaket ved behandling av Dok. 8:78 S (2016–2017), jf. Innst. 436 S (2016–2017), jf. tilrådinga i innstillinga romartal I. Overvassutvalet foreslo ein pakke av verkemiddel som må sjåast i samanheng, og som til saman vil medverke til å oppnå måla om å førebyggje skade på busetnad, infrastruktur, helse og miljø. Forslag til endringar i forureiningslova og vass- og avløpsanleggslova vart sendt på høyring i mars 2020 og er til behandling i Klima- og miljødepartementet. Forslag til endringar i plan- og bygningslova vart sendt Stortinget i juni 2022. Kommunal- og distriktsdepartementet vil vedta endringar i byggjesaksforskrifta og byggteknisk forskrift før lovendringane tek til å gjelde.

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte

Heilskapleg plan for Oslofjorden

Tilstanden for livet i Oslofjorden er svært alvorleg. Store delar av Oslofjorden har ikkje god nok økologisk og kjemisk miljøtilstand. Avrenning frå jordbruk og utslepp frå avløp er blant dei største påverknadene. Regjeringa vil at Oslofjorden skal vere rein, rik og tilgjengeleg for alle. Med bakgrunn i oppmodingsvedtak (575 (2017–2018)) frå Stortinget la den førre regjeringa i mars 2021 fram ein heilskapleg plan for Oslofjorden, Helhetlig tiltaksplanfor en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv.

Planen tek tak i dei største utfordringane for Oslofjorden og presenterer tiltak og punkt for kunnskapsinnhenting, i første omgang fram mot 2026. Regjeringa vil raskt følgje opp tiltaksplanen. Regjeringa rettar i tillegg særleg merksemd mot dei største utfordringane: avløp, jordbruk og fiskeri.

Regjeringa vil mellom anna styrkje arbeidet med å redusere utslepp frå avløp til Oslofjorden. Det er mellom anna nødvendig å sørgje for at kommunane får strengare reinsekrav i utsleppsløyve etter forureiningslova og -forskrifta. Regjeringa vil difor styrkje arbeidet til Miljødirektoratet og statsforvaltarane med å revidere utsleppsløyva og sørgje for god oppfølging og rettleiing av kommunane.

Ansvaret for å gjennomføre tiltaka i Oslofjordplanen ligg hos miljømyndigheitene og hos dei enkelte sektormyndigheitene. Felles innsats på tvers av sektorar ligg til grunn for tiltaksplanen. I tillegg til fleire departement er kommunane, statsforvaltaren og dei underliggjande etatane til departementa sentrale aktørar for gjennomføring av tiltaka. Måla i planen er å oppnå god miljøtilstand, at viktige naturverdiar skal restaurerast, at eit aktivt friluftsliv skal fremjast, og at naturmangfaldet i fjorden skal varetakast. For å nå måla presenterer planen 63 tiltak mot ei rekkje av påverknadene og 19 punkt for kunnskapsinnhenting. Oslofjordrådet vart etablert i august 2021 for å sikre framdrift i arbeidet og gjennomføring av tiltak. Rådet er leidd av klima- og miljøministeren og består mellom anna av ordførarar, fylkesordførarar og dei departementa som det gjeld. I tillegg deltek statsforvaltarane det gjeld, og Oslofjorden friluftsråd.

Regjeringa vil i 2023 prioritere å følgje opp den heilskaplege tiltaksplanen.

Næringssalt og organisk materiale som forureinar vassdrag og kystområde

For mykje næringssalt (fosfor og nitrogen) og organisk materiale er blant dei tre største påverknadene på vassdraga og kystområda våre. For oppdateringa av vassforvaltningsplanane for planperioden 2022–2027 er det gjeve nasjonale føringar for arbeidet. Desse føringane slår mellom anna fast at alle avløpsanlegga i den enkelte kommunenskal oppfylle reinsekrava i forureiningsforskrifta, slik at vi kan nå miljømåla innan 2027 og seinast innan 2033. Dette vil mellom anna krevje at mange kommunar oppgraderer og fornyar det kommunale leidningsnettet og avløpsreinseanlegg. Utslepp av næringssalt frå kommunalt avløp er ein av hovudpåverknadene til den dårlege tilstanden i Oslofjorden.

Regjeringa vil styrkje arbeidet med å redusere utsleppa frå avløp til Oslofjorden. Det er mellom anna nødvendig å sørgje for at kommunane får strengare reinsekrav i utsleppsløyva etter forureiningslova og -forskrifta.

Regjeringa vil difor styrkje arbeidet til Miljødirektoratet og statsforvaltarane med å revidere utsleppsløyva, i tillegg til å sørgje for god oppfølging og rettleiing av kommunane.

Helse og omsorgsdepartementet
Program for teknologiutvikling i vannbransjen

Det foreslås 5 mill. kroner til tilskuddsordningen program for teknologiutvikling i vannbransjen (2020–2024), betinget av minst tilsvarende bidrag fra kommunene og fra leverandørindustrien. Målet med et program for teknologiutvikling i vannbransjen er å oppnå helsemessig tryggere vannforsyning og større leveringssikkerhet av drikkevann på en kostnadseffektiv og bærekraftig måte. Kommuner, kommunale foretak og interkommunale selskaper kan søke om tilskudd.

Private vannverk vil kunne omfattes dersom kommunen har basert sin vannforsyning på et eller flere private vannverk og kommunen på bakgrunn av sitt ansvar etter helselovgivningen finner det relevant å fremme en slik søknad. Folkehelseinstituttet forvalter tilskuddsordningen. Det legges opp til at ordningen evalueres etter fem år eller eventuelt tidligere dersom den avsluttes før dette.

Nasjonale mål for vann og helse

Det foreslås videreført 1 mill. kroner til arbeidet med å nå nasjonale mål for vann og helse. Det er igangsatt et arbeid med sikte på å revidere de nasjonale målene for vann og helse og utarbeide en tverrsektoriell gjennomføringsplan. Målene fra 2014, er fastsatt i samsvar med Verdens helseorganisasjon/UNECEs Protokoll for vann og helse og bidrar til gjennomføring av FNs bærekraftsmål seks om rent vann og gode sanitærforhold. Det samme vil gjelde etter at målene er revidert og fastsatt på nytt av regjeringen.

Trygg vannforsyning

Departementet har sektoransvar for regelverk og tilsyn på drikkevannsområdet, jf. drikkevannsforskriften. Departementet er hovedansvarlig departement for den kritiske infrastrukturen vann og avløp og koordinerer innsats på området med andre departementer. Det gjelder Kommunal- og distriktsdepartementet, som har ansvar for plan og bygningsloven og Klima- og miljødepartementet, som har ansvar for forurensingsloven. Kommuner og vannverk har ansvar for helsemessig trygg og leveringsmessig sikker drikkevannsforsyning.

Det sikres gjennom kommunal og fylkeskommunal planlegging. Mattilsynet forvalter drikkevannsforskriften og fører tilsyn med vannforsyningssystemer og påser at drikkevannshensyn blir ivaretatt i kommunale og fylkeskommunale planer, mens Folkehelseinstituttet er kunnskapsinstitusjon på drikkevannsområdet for HOD og Mattilsynet.

De aller fleste vannverk, som forsyner minst 50 personer, har rapportert til Mattilsynet at de har beredskapsplaner. Noe over halvparten av disse har ifølge rapportene oppdatert planene siste år. En del mindre vannverk har mangler i planene og enkelte større vannverk mangler tilstrekkelig reservevannforsyning. Dette siste gjelder også Oslo kommune. Departementet og Mattilsynet følger særskilt opp arbeidet med Oslos nye reservevannforsyning som skal stå klar i 2028. For øvrig er den viktigste utfordringen på vannområdet gammelt og dårlig ledningsnett. Forebyggende sikkerhet og beredskap på drikkevannsområdet følges opp i tråd med Meld. St. 19 (2018–2019) Folkehelsemeldinga – Gode liv i eit trygt samfunn. Samfunnssikkerhet og beredskap for å sikre trygg vannforsyning i Norge vil også bli belyst i den planlagte stortingsmeldingen om helseberedskap.

Nødvannsutstyr

Norsk Vann sendte innspill til regjeringen om behov for avklart nasjonalt system for nødvannsutstyr. Statsbudsjettforslaget inneholder ingen forslag om dette

Landbruks- og matdepartementet 
Mattilsynet

Mattilsynet har heilt sidan etaten blei etablert hatt merksemd på å effektivisere og forbetre drifta. Trygg og kostnadseffektiv elektronisk datafangst og datadeling, og god datakvalitet er ein kritisk suksessfaktor for effektiviseringa av Mattilsynet dei neste ti åra. Digital teknologi bidreg til meir effektiv brukardialog og utvikling av nye effektive mekanismar for Mattilsynet sin offentlege kontroll.

Det er eit prioritert område innan digitaliseringsarbeidet å sikre at Mattilsynet sine inspektørar har effektive verktøy. Produktteam for inspektørar blei etablert i 2022.

Mattilsynet arbeider med utvikling av løysingar for datafangst, datalagring og datadeling. Det betyr at Mattilsynet må byggje opp ei data-plattform som handterer historiske data. Mattilsynet sin første leveranse blei lansert våren 2022 og var på området drikkevatn. Hovudambisjonen til Mattilsynet er å automatisere alle faste rapportar.

I tillegg vil det bli arbeidd med avanserte analysar og datadriven automatisering for å hjelpe og effektivisere kvardagen til medarbeidarane i organisasjonen. Dette vil gi betre og meir effektiv kontroll som òg vil komme nærings-livet til gode gjennom moglegheita for mellom anna meir automatisert innhenting av data

Kunnskapsdepartementet
Finansiering av høgare utdanning

Vedtak frå 2020–2021-sesjonen: Vedtak nr. 16, 6. oktober 2020: Gjennomgang av finansieringskategoriane i høgare utdanning

 «Stortinget ber regjeringen om en gjennomgang av finansieringskategoriene i høyere utdanning, for å sikre at utdanninger som ingeniørfag, lærerutdanninger og andre utdanninger som er etterspurt i arbeidsmarkedet har riktig finansiering.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med debatten etter Hans Majestet Kongens tale til det 165. stortinget ved opninga og melding om Noregs rikes tilstand og styring (trontaledebatten).

Kunnskapsdepartementet tok 17. mars 2022 imot rapporten frå utvalet leia av Siri Hatlen som var nemnt opp for å gå gjennom finansieringa av universiteta og høgskulane. Rapporten var på høyring fram til 10. juni 2022. Utvalet var særleg bede om å følge opp oppmodingsvedtaka frå Stortinget frå 2020 som dreidde seg om finansieringa av sektoren.

Utvalet tilrår å forenkle systemet for den resultatbaserte utteljinga og i staden legge større vekt på utviklingsavtalane i styringa. Det vil gi ei meir transparent styring som gir institusjonane større reelt handlingsrom og ansvar for budsjettdisponeringa. Utvalet meiner det er eit problem at finansieringskategoriane blir oppfatta som ei styring frå departementet av kostnadene i kvar utdanning. Det foreslår å redusere talet på kategoriar for å gjere det tydelegare at dei ikkje skal ha denne funksjonen, og at regjeringa følger opp oppmodingsvedtaket gjennom i større grad å gjere institusjonane ansvarlege for korleis dei fordeler løyvinga mellom utdanningane, mellom anna i styringsdialogen. Utvalet frårår at departementet i større grad gjennom finansieringskategoriane skal avgjere kva som er dei «riktige» kostnadene for bestemde utdanningar på tvers av institusjonane.

Kunnskapsdepartementet vil i løpet av 2022 greie ut finansieringskategoriane vidare i dialog med sektoren, og vurdere om talet bør reduserast. Regjeringa vil vurdere heilskapen i finansieringssystemet, inkludert moglege endringar i kategoriane, før det blir gjort endringar i systemet.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

 

Thomas Langeland Jørgensen

Av: Thomas Langeland Jørgensen

Stabsleder

Norsk Vann

Relaterte nyhetssaker

Veien mot et nytt avløpsdirektiv

Veien mot et nytt avløpsdirektiv

EU-kommisjonen la frem sitt forslag til et revidert avløpsdirektiv 26. oktober. Forslaget inneholder både strengere og nye krav til håndteringen av urbant avløpsvann. Formålet er fortsatt å beskytte miljøet, men Kommisjonen foreslår i tillegg at direktivet skal...

les mer
Hektisk på stand i Arendal

Hektisk på stand i Arendal

Norsk Vann var også i år på plass på Arendalsuka. Godt hjulpet av dager med skikkelig sommervarme var vannposten og standen vi hadde sammen med Arendal kommune svært godt besøkt. Iført neongule t-skjorter med teksten «Jeg jobber i de hemmelige tjenester» delte...

les mer
Norsk Vann på Arendalsuka

Norsk Vann på Arendalsuka

Også i år blir Norsk Vann å treffe på stand og i ulike arrangementer under Arendalsuka 15. - 19. august. Tradisjonen tro rigger Arendal kommune og Norsk Vann også i år til Arendalsukas mest populære stand. Norsk Vanns telt og Arendal kommunes vannpost, med utdeling av...

les mer
Ny veileder til ledningsforskriften

Ny veileder til ledningsforskriften

Nå er veilederen til ledningsforskriften klar. Forskriften ble endret i 2017 med virkning fra 1. januar 2018. Veilederen vil gjøre det enklere å forstå og anvende forskriften riktig for alle aktører, samt hvordan forskriften tolkes på sentrale områder. En slik...

les mer